lørdag, august 27, 2005

Sesongstart

Hockey startar på onsdag 15 sept, vel møtt.

fredag, mars 18, 2005

Kollokvie i dag


msmil
Originally uploaded by orangemannen.
I dag var det ikkje så mange som møtte til øvingstime, eg reknar med at påskeferien har starta for mange. Det var photoshop som var temaet denne gongen, me såg litt på eit par "tutorials" og jobba litt rundt dette. Ein fin måte å lære seg photoshop er å ta utgangspunkt i tutorials for deretter nytte triksa ein lærer der på eigne bileter/teikningar. Linken "Tutorials Photoshop" i venstre marg under "diverse", er ei grei side å finne eksempler for korleis ein kan nytte dei mange verktøya i photoshop. Billedredigering er morosamt, eit perfekt tidsfordriv dersom været skulle svikta deg i påsken.

fredag, mars 04, 2005

Musikk

Når det skal vere morro å høyre på
musikk...

torsdag, februar 24, 2005

Dilling

No har eg dilla ein del med CSS'en på bloggen min, eg kan ikkje seie at resultatet er fantastisk flott, men eg har helst brydd meg med korleis saker og ting kan plasserast på forskjellig vis. Utsjånaden får komme seinare, eg lærte uansett ein del ved å fikle med alle innstillingane.

lørdag, februar 05, 2005

Rundtur i bloggverden...

Eg sjekka ut kven som høyrte på samme musikken som meg gjennom blogger og fann ein morsom link på min veg. Innholdet hadde ikkje noko med favorittmusikk å gjere, snarare tvert imot...sjå og høyr!

fredag, januar 28, 2005

Sofa


sofa
Originally uploaded by orangemannen.
På veg til universitetet traff eg på ein sofa som var strategisk plassert på toppen av trappene opp til Johanneskirka, "Kodak moment" tenkte eg og skaut eit bilete... Ryggputene var merka "Reserved" (vanskelig å sjå på biletet) , så antakeleg vil plassane verta opptatt i løpet av dagen.

fredag, januar 21, 2005

Fugl

Eg synes kollokvien i dag gjekk heilt greit, einaste problema var att batteria på fotoapparata var nede for telling (har kjøpt nye) og at eg ikkje var heilt oppdatert på den nye innloggingsmetoden på serverfronten. Men med litt samarbeid med huin105 studentane fann me ut av det.
Biletet nedanfor tok eg for ein månadstid sidan, la det ut som ein test...
solfugl.jpg

Startproblem

Jobben som kollokvieledar/øvingslærar for huin 105 har starta opp med eit par tekniske småproblem. Det fyrste problemet har vore å komme seg inn på rom 124, av ein eller annan grunn har ikkje nøkkelkortet vorte oppgradert før idag, dermed har eg ikkje fått tid til å teste ut maskinene endå. Dei ansatte ved kontoret for instituttet er på møte, det medfører at eg ikkje har fått tak i dei digitale fotoapparata som me skal bruke i undervisinga i dag. Eg har intatt ventemodus, skriblar ned denne teksten og håpar at eg kan få orden på sakene før undervisinga skal begynne (om ein time) slik at eg i det minste kan skape ein illusjon om at eg er godt forberedt...

mandag, januar 10, 2005

Oppfrisking ...

Det er rart kor mykje ein kan gløyma på kort tid, men heldigvis er det lettare å lære ting og tang andre gongen. Eg har kikka litt på korleis ein lagar CSS'ar og må seie at det var enklare enn eg hugsa. Trur eg skal nytte litt meir tid på dette, det er jo rett og slett morro...