fredag, januar 21, 2005

Startproblem

Jobben som kollokvieledar/øvingslærar for huin 105 har starta opp med eit par tekniske småproblem. Det fyrste problemet har vore å komme seg inn på rom 124, av ein eller annan grunn har ikkje nøkkelkortet vorte oppgradert før idag, dermed har eg ikkje fått tid til å teste ut maskinene endå. Dei ansatte ved kontoret for instituttet er på møte, det medfører at eg ikkje har fått tak i dei digitale fotoapparata som me skal bruke i undervisinga i dag. Eg har intatt ventemodus, skriblar ned denne teksten og håpar at eg kan få orden på sakene før undervisinga skal begynne (om ein time) slik at eg i det minste kan skape ein illusjon om at eg er godt forberedt...

Ingen kommentarer: